Oppnevning av nye fjellstyrer, orientering fra Norges Fjellstyresamband.

Norges Fjellstyresamband har ved tidlegare kommuneval erfart at det har vore noko uvisse kring oppnemning av fjellstyre, samt forholdet mellom kommune og fjellstyre. Vi finn det difor rett å gje ein kort informasjon nå etter kommunevalet i 2019. Bestemmingar om oppnemning av fjellstyre går fram av Fjellova, kap. III. Oppnemning av fjellstyre er også omtala i ”Håndbok for fjellstyrer 2015-2019”. Sjå https://www.fjellstyrene.no/s/ha_ndbok_5_trykt_versjon.pdf.

Forholdet mellom kommunane og fjellstyra:
Etter innføringa av den siste kommunelova, der fleire statlege nemnder vart kommunale, har vi tidlegare fått spørsmål om fjellstyra si stilling. På denne bakgrunnen har vi bedt advokat Tor Gresseth om å utarbeide ei juridisk utgreiing som beskriv forholdet mellom kommune og fjellstyre nærmare. Utgreiinga konkluderar med at fjellstyra ikkje er ei kommunal nemnd. Utgreiinga har vore til vurdering i Landbruks- og matdepartementet og Statskog SF, som har anbefalt at denne blir lagt fram for kommunane. Den juridiske utgreiinga finn du her: https://www.fjellstyrene.no/s/Uttale-fra-adv-Tor-Gresseth-vedk-forholdet-mellom-kommune-og-fjellstyre.pdf

Vi har og lagt ved eit skriv frå Landbruks- og matdepartementet som tek opp temaet interesserepresentasjon i fjellstyra, og som viser kva kritereie som skal leggast til grunn etter LMD si meining. Denne finner du her: https://www.fjellstyrene.no/s/Interesserepresentasjon-i-fjellstyra-3-brev-fra-LMD.pdf

Tidspunkt for innsetjing av nytt fjellstyre:
I følgje den nye kommunelova skal utval som ein hovudregel veljast og settast inn kort tid etter kommunevalet. For enkelte fjellstyre kan dette vere lite høveleg. På bakgrunn av dette, ber vi kommunane vurdere tidspunktet for innsetjing av nytt fjellstyre i samråd med det sitjande fjellstyret.

Alle nyoppnemnte fjellstyremedlemmar vil bli invitert til samling/kursrunde for nye fjellstyremedlemmar (og fjellstyremedlemmar som har erfaring med å sitte i eit fjellstyre). Kursrunden blir arrangert regionvis (4 regionar) i tida uke 5 – 8 i 2020.



Odd Enget